Gå til innholdet

Får miljø-skryt av Enova

froy vest

Frøy Vest Rederi satsar på meir miljøvennlege fartøy til bruk ved oppdrettsanlegg. To nye båtar får dieselelektrisk framdrift.

– Vi skal bygge to nye fartøy for 55 millionar kroner, fortel dagleg leiar Torstein Holsvik i Frøy Vest og Frøy Vest Rederi i Ørsta.

Verksemda deira er mykje retta mot oppdrettsnæringa, og selskapet opererer på store deler av kysten.

Fusjon

Frøy Vest er eit resultat av fusjon av fleire dykkarserviceselskap (sjå fakta). I mai i fjor blei dei kjøpt opp av Frøy Akvaservice i Trøndelag, der Helge Gåsø er størst aksjonær. Selskapet er no i sterk vekst.

– Fusjonen har vore positiv. Samarbeidet med dei har tilført kompetanse. Dei har også fått tilført litt frå oss, seier Holsvik.

Frøy Vest Rederi satsar no på nye båtar, med meir miljøvennleg teknologi. Det siste nye er oppdrettsfartøyet MachoCat.

Båten vil få 25 prosent lågare energibruk med dieselelektrisk framdrift, samanlikna med konvensjonell dieselmekanisk framdrift.Her har Enova gitt økonomisk draghjelp og investerer 1,8 millionar kroner i nybygget.

– Dette prosjektet viser veg og kan bidra til at næringa på sikt får ein ny standard med lågare utslepp, seier Petter Hersleth i Enova i ei pressemelding.

Mindre utslepp

Ifølgje Hersleth er det tradisjonelt lagt lite vekt på energieffektivitet i fartøy som opererer i oppdrettsnæringa. Samtidig står næringa for store utslepp i kystnære område.

– Difor er det spesielt gledeleg at Frøy no går føre og viser bransjen korleis utslepp kan reduserast gjennom meir energieffektiv transport til og frå anlegga, seier han.Det nye fartøyet skulle eigentleg få ordinært dieselmekanisk framdriftssystem, men ambisjonane blir heva for å kutte energiforbruk og klimagassutslepp.

– Vi trur dieselelektrisk er framtida for denne type fartøy, seier prosjektleiar Svein Peder Vågsnes i Frøy Vest Rederi.Med dieselelektriske system blir det også mogleg å gå over til hybrid drift seinare.

– Då kan fartøyet for eksempel gå på straum frå merden når den ligg ved anlegget, slik at ein slepp støyen og eksosen, seier Vågnes.


Tekst og bilde: Sunnmørsposten